- Ver varsam med skilt. Fjern alle vegskilt for bilar utanom på hovudbilvegnettet. Skilt på hovudbilvegnettet bør vera så små at bilane må ned i gangfart for å sjå kva som står på dei. Skilt for all del ikkje i god tid, og skilt ikkje for slikt som alle oppdagar når farten er under 5 km/t. For ekstra effekt, snu ein del av skilta slik at dei peiker i feil retning.
- Stykk opp bilvegene. Eit samanhengande vegnett oppmuntrar berre til bruk. Kontrast er eit stikkord. Aktuelle vegkonsept: «parkeringsplass i midtrabatten» og «firefelts motorveg som går over til einvegskøyrd bygate utan varsel».
- Fokuser på hovudbilvegnettet. Eit par bilruter i kvar bydel får vera nok. Langs alle andre gater og veger kan bilar berre køyra i gangfart og slik at dei ikkje er til hinder for gåande, syklande og kollektivtransport. I sykkelgater, på fortau og gjennom kryss må bilistane gå ut og dytta bilen.
- Bruk bilvegene som snølager. Måk snøen frå sykkelfelt og fortau ut i køyrebanen. Avgrens eventuell måking av hovudbilvegnettet til nokre få prioriterte strekningar.
- Forby bilkøyring til skulen. Det hjelper ikkje om foreldre køyrer i fylgje med born. Dei færraste born er mogne nok til å lesa trafikkbiletet og skrika til når pappa held 50 km/t i 30-sona.
- Sikkerheit fyrst. Sjølv med bilbelte er risikoen for hovudskade stor. Hjelmpåbod gjer bilturen både tryggare og mindre lettvint – eit ekte kinderegg.
- Snakk opp biltrafikken. Sei aldri eit vondt ord om bilar og bilistar. Tvert imot: lat ingen sjanse gå frå deg til å framheva kor genial bilen er, og kva godt det gjer for byen når folk let sykkelen stå og tek bilen fatt. Underbygg dette med å lansera ein ny bilstrategi kvart tiande år eller så. Nykelen er å skilja mellom ord og handling.