Dette skriftstykket vart fyrst gjeve ut i Pan, tidsskriftet Harvests arena for politisk diskusjon og refleksjon:
“Jobb mindre, lev meir!” har vore eit slagord for den radikale grøne rørsla i fleire tiår no, og redusert arbeidstid har lenge vore ei fanesak for MDG. Partiet argumenterer for at vi bør ta ut produktivitetsveksten i form av meir fritid, heller enn høgare løn, eit standpunkt det deler med Framtiden i våre hender og Natur og Ungdom.
Ideelt sett hadde nok dei grøne kunna tenkja seg å kutta både arbeidstida og lønsnivået, ut frå visjonen om å “dela på jobbane”. Pengane bedriftene sparar på å kutta løna til dei som får kortare arbeidsdag kunne då brukast til å sysselsetja folk som elles ville gå ledige. Men sidan det er vurdert som urealistisk å få til, i alle fall så lenge arbeidsløysa er låg, vert konklusjonen gjerne at vi bør kutta arbeidstida gradvis i takt med produktivitetsutviklinga i samfunnet - i praksis slik at folk får litt meir fri kvart år i staden for litt meir løn.
Sidan det finst spørjeundersøkingar som viser at eit fleirtal av folket, gjeve valet mellom meir pengar og meir fritid, seier at dei vil velja sistnemnde, er det mange som meiner at dette er ei potensiell vinnarsak for dei grøne. Kva meir kan ein be om enn politikk som både hindrar forbruksvekst og gjev folk meir av det dei helst vil ha?
Ved å fokusera på fridagar snarare enn dagleg arbeidstid – ein ide Per Espen Stoknes har fronta som MDG-representant – unngår dei grøne dessutan ein del praktiske motargument. I dei fleste bransjar vil det vera enklare å få bemanningskabalen til å gå opp med fleire fridagar kvart år enn dersom den daglege arbeidstida skal kuttast med nokre minutt frå år til år. Og det er ikkje så få fridagar det er snakk om. Ei moderat lønsauke på 1,5 % kostar samfunnet om lag det same som å gje dei tilsette tre og ein halv arbeidsdag ekstra fri - eller ei ekstra ferieveke ca anna kvart år.
Vi likar å fortelja oss sjølve at den enorme veksten i arbeidsproduktivitet sidan den industrielle revolusjonen er eit produkt av menneskeleg oppfinnsamheit og rasjonalitet. Det er sant, men det er berre halve sanninga. Det som har gjort det mogleg for ein mann å gjera det som tidlegare var hundre manns verk er i botn og grunn ein einaste ting: tilgangen på store mengder magasinert solenergi i form av fossile brennstoff. Den teknologiske utviklinga dei siste 250 åra handlar stort sett om å finna stadig smartare måtar å bruka kol, olje og gass til å gjera jobbane som tidlegare måtte gjerast med muskelkraft frå menneske og dyr. (Storskala vasskraft og atomkraft er berre delvise unntak: det er fossil energi som gjer det mogleg å utvikla, byggja og driva slike kraftverk.)
1 liter flytande drivstoff inneheld rundt 8000 kaloriar (kcal). Talet er omtrent det same for diesel, bensin og vegetabilske oljer. Det er energi nok til å livnæra fire kontoristar – eller ein kroppsarbeidar – i ein heil dag. Då er det ikkje vanskeleg å skjøna at ein gravemaskin som brukar 30 liter diesel i timen – 240 liter på ein normalarbeidsdag – kan gjera hundre manns verk og vel så det. Dette er hovudforklaringa på at dagens økonomi er så mykje meir effektiv – målt i produksjon per menneskeleg arbeidstime – enn økonomien i førindustriell tid. Målt i produksjon per forbrent kalori eller forbrukt watt har vi ikkje effektivisert økonomien i det minste. Vi har snarare sløsifisert.
Målt i rå energi er muskelkraft nemleg effektiv som berre det. Ta til dømes transport: Å gå til fots kostar rundt rekna ein kalori per kilo kroppsvekt. Ein person på 75 kg greier då dryge 100 km på energien i ein liter bensin. Det er tre–fire gonger meir enn ein drivstoffgjerrig fossilbil, og 60 % meir enn ein typisk el-bil. Eller ta reinhald. Det er meir lettvint å støvsuga enn å kosta og feia, men sjølv ein “energieffektiv” 900-watts støvsugar forbrenn ti gonger så mykje energi per minutt som ei hardt arbeidande husmor.
Dette reknestykket viser ikkje heile biletet. Bilar treng gode vegar, parkeringsplassar, verkstader og fyllestasjonar. Produksjonen av bilar – ikkje minst dei som går på batteri – krev store mengder energi og material, som igjen krev ein avansert, energislukande global infrastruktur av gruver, fabrikkar og tungtransport. Støvsugarproduksjon – ikkje minst dei nymotens, batteridrivne modellane – treng mykje av det same. Fotgjengaren treng i høgda nokre klesplagg og godt fottøy for å kunna bevega seg effektivt gjennom nesten all slags terreng. Dette kan produserast lokalt med enkle middel, akkurat som støvklutar og såpe til husmora kan det.
Det er ingen tvil om at bilar og støvsugarar får fart på kvardagen, men om det faktisk er meir effektivt kjem an på kva slags effektivitet vi snakkar om. Grøne krefter bør i høgste grad halda seg til ein definisjon av effektivitet som reknar med bruken av energi og material. Når Statistisk Sentralbyrå melder om at produktiviteten har gått opp, bør dei grøne kasta eit kritisk blikk på forbruket av elektrisitet, drivstoff og importvarer før dei konkluderer med at vi skal “ta ut” denne produktivitetsveksten på nokon som helst måte.
Det er enklast å auka arbeidsproduktiviteten der manuelt arbeid enkelt kan erstattast med maskinar. Dette er i moderne økonomiar allereie gjort i jordbruket, skogbruket, fiskeria, gruvedrifta, industrien og – ikkje minst – i hushaldningane. Hest har fått vika for traktor, øks og bogesag for motorsag og skogsmaskin, årer og segl for motordrivne fiskeskøyter og trålarfabrikkar, hammar og spett for sprengstoff og tunnelboremaskinar, vaskebrett og feiekostar for vaskemaskinar og støvsugarar.
Det er ikkje umogleg å tyna endå meir produksjon ut av kvar arbeidstime i desse sektorane, men potensialet som gjenstår er mykje mindre enn det som alt er teke ut. Før vaskemaskinane kom på marknaden var det vanleg at heile storfamilien (i alle fall kvinnene) brukte ein heil dag kvar veke, frå morgon til kveld, på klesvasken. Dei fyrste, enkle vaskemaskinane gjorde det mogleg for ei husmor å gjera heile jobben åleine, og attpåtil ha tid til å gjera andre ting den dagen. Det var ei forbetring på ein skala vi kan sjå langt etter i dag – om det så kom ein kombinert og heilautomatisk vaskemaskin, tørketrommel og strykemaskin som faktisk fungerte utan å øydeleggja klesplagga. Ja, ein slik maskin ville spara ein del arbeid, men ikkje meir enn ein handfull timar i veka for ein gjennomsnittsfamilie. Og denne maskinen ville garantert kosta minst det dobbelte av dagens utstyr. Kanskje endå viktigare er skilnaden i kompleksitet: medan eit slikt heilautomatisk vaskeapparat ville vera så avansert at ingen einskildperson ville vera i stand til å forstå eller reparera alle delar av maskinen, er ein tradisjonell vaskemaskin ei enkel innretning som fint kan produserast heilt utan avansert elektronikk, og reparerast av ein alminneleg nevenyttig person.
Hovudregelen er denne: overgangen frå manuelt arbeid til maskinar gjev eit kjempesprang i produktivitet. Overgangen frå dei fyrste, enkle maskinane til neste generasjons utstyr kan lyfta produktiviteten endå eit bra hakk. Frå andre til tredje generasjon er gevinsten mindre og kostnaden høgare. Frå tredje til fjerde generasjon er det ikkje sikkert at den auka kompleksiteten og kostnaden veg opp for ei marginal auke i effektiviteten. Dei som har studert litt økonomi vil kjenna att dette som lova om avtakande grensenytte.
Når bonden åleine frå styrhuset i traktoren driv eit areal som tidlegare ville sysselsett ein heil storfamilie og ein stall med hestar, og dieselkraft har erstatta muskelkraft i skogar og steinbrot, nesten alle forbruksvarer kjem frå masseproduserande fabrikkar og nesten all transport av folk og varer føregår i maskindrivne farkostar – då er det ikkje lenger mogleg å auka arbeidsproduktiviteten økonomien som heilskap med 5 % til 10 % i året, slik det ein gong var. For det å auka produktiviteten i sektorane der folk flest jobbar i dag er heller ikkje enkelt.
Ta til dømes utdanningssektoren. Ein veldig enkel måte å auka arbeidsproduktiviteten på skulane på, målt i gjennomstrøyming av elevar per lærar-arbeidstime, ville vera å gjera klassene større. Om alle skulane i landet som har tre parallellklasser kunne slå dei saman til to, og kutta ein tredjedel av lærarstillingane, ville det gjera underverk for kommuneøkonomien på kort sikt. På lang sikt veit vi at vinninga fort ville gå opp i spinninga. For dei lærarane som var att ville få auka arbeidspress, vera meir sjuke, og ha mindre tid til å fylgja opp elevane som treng det mest. Fleire elevar kunne koma til å falla utanfor og dukka opp som utgiftspostar i trygdevesenet og fengselssystemet seinare i livet.
Nei, det er ikkje umogleg å effektivisera skulane. Det er klart at ein skikkeleg god lærar kan gje kompetent undervisning og oppfylging til fleire elevar enn ein dårleg lærar kan. Kompetanseheving og fjerning av unødvendig byråkrati er vel og bra. Men det er like klart at det finst harde grenser for kor mykje det er mogleg å effektivisera ein skule, eller ein sjukeheim, eller ein barnehage, utan at det går ut over kvaliteten på tenestene. Og går kvaliteten ned, fører det gjerne til problem som skapar kostnader andre stader.
Dette problemet ser både MDG og andre grøne som orienterer seg mot venstresida. Resultatet er at det vert endå vanskelegare å grunngje at arbeidstida skal kunna reduserast på grunnlag av produktivitetsveksten i økonomien. For dersom arbeidarane i velferdssektoren skal skjermast for krav om å springa fortare, og skular og barnehagar og sjukeheimar skal bemannast i minst like stor grad som i dag, er i hovudsak næringar i privat sektor som må bera kostnaden ved å redusera arbeidstida på desse arbeidsplassane. Det tyder i klartekst at skattane må opp – eit politisk standpunkt som ytterlegare låser dei grøne til å samarbeida mot venstre.
Så lenge automatisering og robotisering gjer at folk slepp å ha livsfarlege og helseskadelege arbeidsoppgåver, og så lenge det finst andre arbeidsoppgåver som dei kan få betalt for å gjera, vil det vera eit gode for samfunnet at bedriftene effektiviserer drifta. Men når vi effektiviserer bort jobbar som er (eller kunne vore) trivelege, meiningsfylte og varierte, påfører det samfunnet eit tap. Dersom det attpåtil er mangel på trivelege, meningsfylte og varierte arbeidsplassar til dei som misser jobben til ein datamaskin eller robot, står vi igjen med eit stort samfunnsproblem. For er det ein ting den norske velferdsstaten har lært oss, er det at folk ikkje trivst med å gå på trygd fordi samfunnet har fjerna alle arbeidsoppgåvene dei kunne ha gjort.
Vi har allereie fjerna ein stor del av arbeidsplassane som kunne sysselsetja skuletrøytte ungdomar. Det er ikkje lenger enkelt å få hyre på ein båt eller få betalt for å sjaua på fabrikken rett ut frå grunnskulen. Dette er ei sterkt medverkande årsak til at vi i dag har ein generasjon unge menn som aldri kjem seg ut av kjellarstova til mamma. Rett nok er det enno mogleg for dei med pågangsmot og gode sosiale evner å få seg jobb i varehandelen og tenesteyting. Men når butikkarbeidsplassane forsvinn til fordel for dataterminalar og netthandel, og sushien kjem til deg på rulleband i staden for på serveringsbrettet til kelneren, vil mennene i kjellarstovene fort få selskap av systrene sine. Ein annan ting den norske velferdsstaten har lært oss er at det er utopisk å tru at alle skal kunna gjera det bra i akademiske utdanningsløp. Når dei tilgjengelege arbeidsplassane krev eit stadig snevrare spekter av evner, fell ein større og større del av folket ut av arbeidslivet.
Fordelane med å auka arbeidsproduktiviteten var størst til å byrja med, og har for lengst nådd eit punkt der forsøk på å klemma meir saft ut av sitronen primært vil gje oss såre hender. Vi har ikkje berre avtakande grensenytte. Vi har tiltakande grense-ulempe.
Nokre av dei grellaste eksempla finn vi i offentlege IT-prosjekt. Ein utviklar eg kjenner i NAV fortalde meg, berre halvt på skjemt, at for pengane dei hadde brukt på å utvikla eit nytt system for foreldrepengesøknader, kunne dei like gjerne tilsett ti personar, utstyrt dei med kvar sin Porsche og late dei køyra rundt og betala ut foreldrepengane kontant. På norske sjukehus har legane, som eit direkte resultat av innføringa av datasystem som skulle “effektivisera” drifta, mindre tid til pasientane enn dei hadde for 25 år sidan. Eit rimeleg velfungerande, fleksibelt og energieffektivt system basert på papir, ringpermar og diktafonar, som dessutan skapte lassevis av respektable arbeidsplassar for helsesekretærar, er erstatta av ein jungel av datasystem som ikkje snakkar saman, som kastar bort tida til helsepersonellet og som elles berre fyller lommene til landets IT-konsulentar.
Nei, det papirbaserte sjukehuset var ikkje lytefritt, og det finst mange eksempel på ting som fungerer betre etter digitalisering. Underskrivne jobbar sjølv med utvikling av mobilappar til sjukehus. Men det einøygde fokuset på å auka produktiviteten har gjort oss blinde for ulemper som burde vera openberre, og har ført til feilinvesteringar i milliardklassa.
Visjonen som enno får økonomar og politikarar til å snakka om arbeidsproduktivitet som noko som kan, bør og må auka i lang tid framover, er ein digitaliserings- og kunstig intelligens-revolusjon. Smarte datasystem og robotar skal auka produktiviteten i tenestesektoren og velferdsstaten like mykje som dampmaskina og bensinmotoren i si tid revolusjonerte transporten og industrien. Om det i det heile er mogleg – når vi ser kor vanskeleg det er å få til sjølvkøyrande bilar i praksis, eller laga ein felles elektronisk pasientjournal, kan det vera grunn til å tvila – krev det enorme investeringar i forskning og utvikling, og at vi i endå større grad baserer samfunnet på kompliserte, lite robuste teknologiske dippeduttar som krev store mengder energi til framstilling. Problema med arbeidsløyse og sosial isolasjon er ille nok med dagens automatiseringsgrad. Skulle den kunstige intelligensen ta over, slik dagens framstegsoptimistar ser på med skrekkblanda fryd, vil det gje grobotn for politiske rørsler som vil få Donald Trump og Boris Johnson til å framstå som pusekattar.
Å venda fokuset frå arbeidsproduktivitet til ressursproduktivitet - at vi i staden for å få hundre gongar meir ut av kvar arbeidstime skal få hundre gongar meir ut av kvar drope drivstoff - er ein grøn visjon som Stoknes og MDG fortener heider for å fronta. Men det er viktig å forstå at ressursproduktivitet og arbeidsproduktivitet i den verkelege verda står mot kvarandre. Å auka båe på same tid er berre mogleg i unntaksfall. Vi har sett korleis auka i arbeidsproduktivitet i stor grad har vore “finansiert” av ein gedigen reduksjon i ressursproduktiviteten. Denne samanhengen går heldigvis òg motsett veg: Vi kan auka ressursproduktiviteten dramatisk ved å tillata oss å redusera arbeidsproduktiviteten ein del.
Den store fordelen med menneskeleg muskelkraft er at ho kjem med hjernekraft på kjøpet. Ein gartnar kan stella kvar plante slik at vekstvilkåra vert best mogleg. Han kan òg bevega seg på ein måte som gjer minst mogleg skade på jordsmonnet og plantane. Difor kan økologiske småbruk med høg innsats av arbeidskraft produsera vesentleg meir og betre mat per kvadratmeter – og over lang tid – enn konvensjonelle bruk med store, tunge maskinar som gjev mykje svinn og ikkje greier å utnytta område der det er vanskeleg å koma til med motoriserte farkostar. Skogsarbeidarar som driv plukkhogst kan velja ut dei trea som passar best til å hogga akkurat i år, og levera produkt av vesentleg høgare kvalitet enn det som er mogleg med flatehogst med maskin. Ein skreddar som syr etter mål kan produsera klede av mykje høgare kvalitet enn det du får tak i på klesbutikken, og du kan til og med få klede som verkeleg passar deg. Lærer du deg å svinga barberkniven like godt som oldefar, kan du oppnå eit vesentleg betre resultat, med mykje lågare ressursforbruk, enn du kan drøyma om med barbermaskinar og eingongshøvlar.
Alt dette, vil ein konvensjonell økonom seia, er ei oppskrift på å gjera samfunnet fattigare. Den samla produksjonen av varer og tenester i pengeøkonomien ville gå ned. Men det er, frå eit grønt perspektiv, akkurat det vi ynskjer oss: redusert forbruk, redusert produksjon og redusert økologisk fotavtrykk. Når det i tillegg er mogleg å gjera dette på ein måte som gjev nok av meiningsfylt arbeid til alle som vil ha, og betre og meir tilfredsstillande varer, er det eit glimrande utgangspunkt for å driva ein pragmatisk, menneskevenleg og optimistisk grøn politikk.
Greier den grøne rørsla å skapa ein situasjon der det er mangel på arbeidskraft, snarare enn på arbeidsplassar, kan vi trygt leggja til side all radikal retorikk om å “jobba mindre for å dela på jobbane som er igjen”.
Det er fullt mogleg å ta politiske grep for å setja i gang ei slik utvikling. Men det fyrste grepet er kulturelt: Dei grøne må slutta å sjå på arbeid som eit vonde vi burde ha minst mogleg av. Det er ikkje vanskeleg – det er berre å sleppa inn litt luft frå arbeidarrørsla og fagforeiningsland. Å ha arbeid er grunnleggjande bra for oss. Mennesket er skapt for å vera i aktivitet, og psyken vår er innretta slik at vi har eit ibuande ynske om å bidra, og ikkje berre vera ein byrde for andre. Jo, det finst dårlege arbeidsplassar og arbeidsoppgåver som er innretta slik at dei ikkje er bra for folk. Men målet må då vera å omskapa dei til anstendig arbeid. Mange såkalla “dritjobbar” er ikkje verre enn at mange av oss kunne tenkja seg å ha dei, så lenge arbeidstida ikkje var urimeleg lang, det sosiale miljøet godt, og så vidare. Det er ingen grunn til at ein reinhaldar på eit hotell skal ha det verre på jobb enn ein saksbehandlar i eit departement – men det kan henda at prisane på hotellrom må aukast ein del, og profitten til Stordalen & co reduserast ein del, for at det skal verta mogleg i praksis.
Norske politikarar og økonomar skryt gjerne av at vi har ein større del av folket i arbeid enn dei fleste andre land. Jau, ein arbeidsstyrke på 70 % av alle mellom 15 – 74 år, med låg arbeidsløyse innanfor arbeidsstyrken, er eit høgt tal i internasjonal samanheng. Og det må vera greitt at ein del av oss studerer, er reelt arbeidsuføre, eller står utanfor arbeidsstyrken for å gjera viktig arbeid i den uformelle økonomien. Men då må vi òg ta inn over oss at ein vesentleg del av dei som er i arbeid driv dagane med papirflytting og skjermstirring som reint faktisk ikkje gjer livet betre for nokon, at ein vesentleg del av dei som går på trygd kunne hatt arbeidsevne dersom arbeidslivet var innretta annleis, og at ein vesentleg del av dei som studerer reint faktisk ikkje lærer noko særleg av verdi.
For å endra dette trengst politiske kursendringar på fleire felt. I det fylgjande skal eg ta føre meg det viktigaste: skattepolitikken som set rammene for økonomisk aktivitet.
Dagens velferdsstat er, om vi ser bort frå overføringane frå oljefondet, i hovudsak finansiert av inntektsskatt, trygdeavgift, arbeidsgjevaravgift, selskapsskatt og meirverdiavgift. Desse skattane står for nær 90 % av inntektene frå fastlands-Noreg til statskassa. Vi kan seia at både arbeid, produksjon og forbruk er skattlagt her i landet. Men skilnaden på desse tre skatteformene er heller overflatisk. Arbeider vi mindre utan å auka produktiviteten tilsvarande, vil inntektene frå alle desse skattane gå ned. På same måte vil statsinntektene gå ned dersom vi totalt sett skulle arbeida meir, men produsera mindre – slik vi må dersom vi vil redusera forbruket av fossil energi og andre ressursar.
Det er difor ansvarlege sosialdemokratar er så opptekne av å halda både arbeidsproduktiviteten og forbruket oppe. Velferdsstaten byggjer på det. Vil dei grøne forandra denne situasjonen, treng dei ein alternativ måte å finansiera offentleg sektor på, og dessutan helst nokre truverdige idear om korleis dei offentlege utgiftene kan reduserast.
Finansieringa av offentleg sektor finst det eit godt, grønt svar på. Det er den grøne skattevekslinga som det har vore snakka om i femti år. Ideen er å senka skatten på arbeid – “det vi vil ha meir av” –, og dekkja inn tapet ved å auka skattane på forureining og ressursforbruk – “det vi vil ha mindre av”.
MDG har hatt ei heller lunka innstilling til denne ideen dei siste åra. Innvendinga er at vi ikkje kan basera statsfinansane på inntekter frå miljøskadeleg aktivitet. Dersom vi set miljøavgiftene høge nok til å nå ambisiøse miljømål, vil utsleppa og ressursbruken minka så mykje at det til slutt ikkje finst noko meir å betala skatt for. Grøne avgifter har ein tendens til å gjera seg sjølve overflødige. Dette problemet fekk vi nyleg illustrert då det kom fram at pengesekken for utbygging av kollektivtrafikk i Oslo har krympa, fordi trafikken av fossilbilar gjennom bomringen har gått så mykje ned. Bra for utsleppa og luftkvaliteten, mindre bra for kommuneøkonomien.
Resultatet er at Venstre, med sin borgarlege skepsis mot skatt på arbeid og næringsliv, har vore nokså åleine å snakka om grøn skatteveksling, medan MDG har nøydd seg med ei heller dvask haldning: “Jo, skattane må nok opp for å oppretthalda velferdsstaten samstundes som vi finansierer miljøtiltak, men vi likar det eigentleg ikkje, og kunne kanskje i grunnen tenkja oss lågare skattar ein gong i framtida.”
Med dette kastar MDG bort det som kunne vore grunnsteinane for ein grøn skattepolitikk:
Nykelen er å skattleggja grunnrenter. Eg definerer då grunnrente litt breiare enn det som er vanleg når det er snakk om skattar på naturressursar som olje, fossefall og laksekonsesjonar, sjølv om det i prinsippet er snakk om det same: Grunnrente er det ein eigar kan ta seg betalt for ein ressurs som overstig kostnadene eigaren har til å produsera, vedlikehalda og tilgjengeleggjera ressursen. Grunnrenta er differansen mellom salsprisen, på den eine sida, og kostnadene til arbeidskraft og kapital på den andre. Difor er det grunnrente i oljeproduksjon: Olja kan seljast for mykje meir enn det kostar å pumpa henne opp. Det same i vasskraft: Elektrisiteten kan seljast for mykje meir enn det kostar å halda røyrgatene og turbinane ved like. Men det klassiske eksempelet på grunnrente, og ei av dei viktigaste potensielle inntektskjeldene i grøn skatteveksling, er ein annan naturressurs: tomter.
Du las rett. Tomter, som i jordstykka vi byggjer hus og gater og fabrikkar og parkar på. Kor mykje kostar retten til å bruka ei tomt? I skrivande stund er det ei bustadtomt på Grefsenåsen i Oslo til sals for 10 millionar kroner. Er du så heldig at du kan låna ein slik sum til 4 % rente, kostar det deg 400 000 kroner i året å kjøpa retten til å bruka tomta. Det er ikkje gratis å “produsera” ei slik bustadtomt – men det er heller ikkje langt unna. Riving av gamle bygg, rydding og omregulering kostar kanskje opp mot ein million. Av prisen på ti millionar står grunnrenta for minst ni. Vedlikehald og drift av ei råtomt kostar heller ikkje meir enn småpengar. Mange kapitalistar har slege seg opp ved å kjøpa billege tomter i utkanten av ein by i vekst, la dei liggja brakk i nokre år, og så selja vidare med gevinst. Dei har profitert på at det er naturen og samfunnet, ikkje tomteeigarar, som skapar tomteverdiar.
Ein annan illustrasjon på grunnrenta i tomter er å tenkja seg eit hus. Kva er verdien på ein bustad med alminneleg grei standard på Bygdøy, midt i hovudstaden? Kanskje 15 millionar kroner. Kva kostar eit identisk hus på Roa, ein times køyring nord for byen? Kanskje 3 millionar. Kva kostar det midt i djupaste Finnskogen? Kanskje 1 million. (Her snakkar eg ikkje om kostnadene ved å byggja nytt, men om verdien av eit bygg etter at det er oppført.) Størsteparten av dei økonomiske verdiane i norske bustader ligg ikkje i bordkledningar, takstein og parkett: Å kjøpa bustad handlar mest av alt å betala for retten til å bu på ein bestemt stad, å oppta plass på bekostning av andre. Det som driv opp prisen er tilgangen på god utsikt, arbeidsplassar, barnehagar, straumnett, vatn, kloakk, kollektivtransport og kulturtilbod.
La oss sjå dette opp mot påstanden i punkt nummer ein ovanfor. Kan tomteverdiar skattleggjast hardare enn i dag? Svaret er ja – elles ville ikkje råtomter i Oslo og Finnmark, som har same produksjonskostnad (tilnærma null) – gått for så vidt ulike prisar. Desse verdiane kan skattleggjast med ein form for eigedomsskatt som ser bort frå verdien av bygningar og infrastruktur på sjølve tomta, men som reknar inn verdien av samfunn og natur, bygningar og infrastruktur rundt tomta. Økonomen Mason Gaffney seier det slik: “Verdien av ei tomt er det tomta er verdt etter ein god brann.”
Er det praktisk mogleg? Definitivt. Dei fleste kommunar har allereie eigedomsskatt, og vi har dessutan eit eige system for taksering av bustader til formuesskatt. Dette kan tilpassast, eventuelt supplerast med taksering basert på satelittbilete og offentlege kartdata. Å taksera reine tomteverdiar er enklare enn å taksera eigedomar inkludert bygningsverdien, fordi ein ikkje treng ta omsyn til standarden på bygningsmassen. Det vil kosta litt å taksera alle landets eigedomar med jamne mellomrom, men ikkje mykje samanlikna med innkrevjingskostnadene for andre skattar, der det offentlege må bruka store ressursar på å motverka skattesnyteri. For tomteverdiskatt er så godt som umogleg å snikja seg unna. Du kan ikkje ta med deg ei tomt til utlandet, og vi har eit offentleg, påliteleg eigedomsregister som dekkjer heile landet.
Har ein tomteverdiskatt i seg sjølv positive effektar? Lista er lengre enn for dei fleste andre skattar. Skatten motverkar spekulasjon, fordi den som eig ei tomt utan å utnytta henne i tråd med reguleringsplanen vil måtta betala dyrt for det. Og dersom det offentlege investerer i kollektivtransport, skular og barnehagar slik at verdien av tomter i eit område aukar, vil skattegrunnlaget auka samstundes, i staden for at private eigarar og spekulantar stikk av med gevinsten av offentlege investeringar. Det er faktisk mogleg, som nobelprisvinnaren Joseph Stiglitz har vist, å fullfinansiera slike offentlege investeringar med tomteverdiskatt. Denne observasjonen er kjend som “Henry George-teoremet”, oppkalla etter den amerikanske journalisten som populariserte ideen om tomteverdiskatt på slutten av 1800-talet.
Tomteverdiskatt har ein glimrande fordelingsprofil, sjølv med ein flat skattesats, fordi dei rikaste har ein relativt større del av verdiane sine sylta ned i tomter enn middelklassa har, og dei fattigaste ikkje eig tomter i det heile. Kva med dei som leiger bustad, vil mange innvenda – får ikkje dei lempa skatten over på seg? Nei: så lenge skatten ikkje er høgare enn grunnrenta, vil utleigarane tapa pengar på å prøva å auka leigeprisane tilsvarande skatten. Hugs at skatten ikkje er avhengig av dei faktiske leigeinntektene, men av inntektspotensialet i tomta, og at innføringa av skatten i seg sjølv ikkje aukar betalingsviljen eller -evna til leigetakarane. Tvert imot er det grunn til å tru at vi vil få fleire utleigebustader med ein slik skatt, fordi det vert dyrare å sitja på eigedomar som ikkje er fullt utnytta, særleg i byane.
“Fullt utnytta” høyrest kanskje skummelt ut for naturvernarar. Men ein tomteverdiskatt vil ikkje i seg sjølv auka presset på å byggja ut parkar og jordbruksjord. Takseringa vil ta omsyn til kva tomta er regulert til, så tomter der det ikkje er lov å byggja eller bruka til økonomisk aktivitet vil få ein skattemessig verdi nær null. Vil politikarane falla for freistinga til å auka skatteinntektene ved å omregulera grøne lunger til bustader? Sikkert – for det gjer dei allereie i dag. Men tomteverdiskatten kan like gjerne ha den effekten at politikarane vert meir merksame på kor store økonomiske verdiar dei grøne lungene tilfører samfunnet. Å tillata nedbygging av ein mykje brukt park vil til dømes vera risikosport for tomteverdiane i området.
Denne skatten er ein spesielt god ide kombinert med skattar på energiressursar. Å henta inn grunnrenta frå olje og vasskraft har Noreg lang erfaring med, gjennom skattar, avgifter og direkte eigarskap. Men i grøn samanheng er potensialet endå større. Hugs at grunnrenta oppstår som differansen mellom det folk er viljuge til å betala for ein ressurs og det det kostar å gjera ressursen tilgjengeleg. Eit tankeeksperiment som illustrerer potensialet er dette: tenk at vi stansar all ny utbygging av elektrisk kraft og samstundes set avgiftene på fossil energibruk så høgt at forbruket og CO2-utsleppa går mot null. Kva hender då med straumprisen? Han vil auka kraftig, fordi den økonomiske verdien av å ha tilgang på straum som erstatning for bensin og diesel er mykje høgare enn dagens straumpris. Denne auka er ei rein auke i grunnrenta: ein konsekvens av ein monopolsituasjon der tilbodet av elektrisk kraft ikkje kan aukast i takt med etterspurnaden. Kven tener på at straumprisen aukar? Det gjer staten, kraftkommunane og dei private selskapa som har teke over ein del av vasskraftverka her i landet. Vil staten strupa profitten til desse private eigarane, er det berre å auka eigedomsskatten på kraftverk. Den samla straumprisen vil ikkje verta høgare av det, av same grunn som at huseigarar ikkje kan lempa ein tomteverdiskatt over på leigetakarar. Når folk kjøper straum til prisar himmelhøgt over produksjonskostnaden (som for eit nedbetalt vasskraftverk er 3–4 øyre/kWh!) er det verdien forbrukarane har av straumen som bestemmer prisen.
Så til det andre punktet, om at reduksjon av skatten på arbeid faktisk kan auka skattegrunnlaget for grunnrenteskattar. For å forstå dette er det berre å tenkja seg kva du ville gjort om du, som ein vanleg norsk lønsmottakar, over natta fekk dobbelt så høg kjøpekraft. Oddsen er høg for at du ikkje berre ville auka forbruket. Du ville sjå deg om etter ein ny, dyrare bustad; kanskje eit hus med større plass til ungane, eller ei meir sentral leiligheit med kortare veg til jobb og kulturtilbod. Tenk deg no kva som ville henda om alle fekk høgare kjøpekraft: det ville, mellom anna, driva opp prisane på fast eigedom, altså tomteverdiane. Å redusera skatten på arbeid er det same som å gje folk flest meir pengar mellom hendene. Dette pressar eigedomsprisane oppover, og er med på å sikra grunnlaget for tomteverdiskatten (som isolert sett vil pressa prisane i motsett retning). Og ikkje nok med det: lågare skatt på arbeid bidreg til fleire arbeidsplassar, ved at aktivitetar som i dag er marginalt ulønsame vert marginalt lønsame. Alt dette er mogleg fordi vi i eit skatteskifte ikkje aukar den gjennomsnittlege kjøpekrafta. Vi flytter kjøpekraft, frå dei som legg mest beslag på ressursar, til dei som skapar størst verdiar.
Kva bør kuttast fyrst i den grøne skattevekslinga? Her finst det fleire gode kandidatar. Di meir progressiv inntektsskatten er, med høge satsar for dei høgaste inntektene, og høge frådrag for vanlege lønsmottakarar, di meir vil inntektsskatten fungera som ein indirekte grunnrenteskatt. (Dei høgaste inntektene kjem som regel frå fast eigedom eller eigarskap til naturressursar.) Kutt i arbeidsgjevaravgifta vil stimulera meir direkte til fleire arbeidsplassar. Vi skal heller ikkje undervurdera kutt i meirverdiavgifta, som for dei med låge inntekter, som har lite til overs til sparing, fungerer som ein indirekte, flat skatt på inntekt. Som tidlegare nemnt er skatt på inntekt, produksjon og forbruk på mange måtar tre sider av same sak. Difor må det vesentlege vera retninga vi utviklar skattesystemet i. Detaljane kan og må bestemmast av politiske forhandlingar.
Men kva med vekstkritikken oppi alt dette? Vil vi verkeleg ha eit skattesystem som stimulerer mest mogleg effektivt til økonomisk aktivitet? Eg meiner svaret må vera eintydig ja. Det som kan – og må – føra til stans i den økonomiske veksten er at vi set grenser for bruken av fossile brennstoff. Då er det avgjerande å ha ein politikk som får mest mogleg fart på økonomien innanfor desse grensene. Det fine med å basera skattesystemet på grunnrenter er at vi brukar det same hovudgrepet for å skapa fleire arbeidsplassar som for å redusera miljøbelastninga.
Det partiet som vågar å gå hugheilt inn for grøn skatteveksling, ikkje som ein lita kortsiktig reform, men som ei langsiktig kursendring på veg mot målet om minst mogleg skatt på arbeid og mest mogleg skatt på ressursbruk, vil kunna argumentera i skattepolitikken med ein fynd og klem vi ikkje har sett sidan Carl I. Hagen var på høgda. Det du legg beslag på skal du skatta til fellesskapen av – anten det er tomter, elektrisk kraft eller andre begrensa ressursar. Det du skapar skal du få bestemma over sjølv – fordi du med å skapa reelle økonomiske verdiar faktisk bidreg til fellesskapen. Dette er politisk og retorisk sprengstoff som eit grønt parti kunne bruka til å gå både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet i næringa. Men slik det ligg an i dag, ville eg ikkje setja pengane mine på at MDG plukkar det opp før Senterpartiet eller Venstre gjer det.