Står dei liberale, seksuelle dogma våre for fall? Som Aurora Mykkeltveit skriv i Minerva nyleg, vert det støtt vanskelegare å hysja ned biverknadene av hormonell prevensjon. Frå hi sida av Nordsjøen høyrer vi desillusjonerte feministar som Louise Perry og Mary Harringdon ta til orde for ein seksuell motrevolusjon. Og under det heile ulmar ein abortdebatt vi aldri vert ferdige med.
Sidan det er kvinner som i desidert størst grad kjenner konsekvensane av seksualnormene på kroppen, er det ikkje rart at desse diskusjonane jamnast dreier seg om, nettopp, kvinner. Jau: menn får passet påskrive når det er snakk om overgrepsproblematikk. Men burde vi ikkje også snakka om menn når vi diskuterer abort som fylgje av uynskt graviditet? Her må det jo faktisk vera ein mann i biletet.
Dette er tesen i pamfletten Ejaculate Responsibly av Gabrielle Blair: Menn kan, med enkle middel, redusera sjansen for uynskte graviditetar til null. Og sidan dei fleste provoserte abortar er resultatet av uynskte graviditetar, er det mennene som bør stillast til ansvar for desse abortane. Byrden ved førebygging av svangerskap bør liggja på han som kan gjera ei kvinne gravid døgret rundt, dag ut og dag inn, frå pubertet til død – ikkje på henne som berre kan verta gravid ein eller to dagar i månaden knappe halve livet.
Blair hamrar inn dette poenget gjennom 28 korte kapittel med titlar som “Ovulation is involuntary, ejaculation is not” og “We don’t mind if women suffer, as long as it makes things easier for men”. Argumentasjonen er altså ikkje alltid den mest nyanserte. Ei openberr innvending er at også kvinner som ikkje ynskjer barn kan ta initiativ til ubeskytta sex, inkludert “avlevering av sperm i vagina”, som Blair poetisk karakteriserer det. Men er det verkeleg for mykje å forventa av oss menn at vi skal kunna stå imot slikt – og sjølv la vera å ta slike initiativ! – dersom ikkje begge partar er opne for at det kan koma barn ut av det? Sjølv om ei kvinne samtykkjer til samleie, er det faktisk opp til mannen om omgangen i sengehalmen skal kunna føra til graviditet.
Og er ikkje dette eit nærast banalt lite offer å be menn om, jamført med det vi utan vidare forventar av kvinner? Dei potensielle biverknadene av hormonell prevensjon er ei liste lang som eit vondt år; smertene under og etter innsetjing av spiral kan opplevast verre enn ein barnefødsel; og konsekvensane av ein graviditet – fullbyrda eller ikkje – vil alltid vera useieleg meir alvorlege for kvinna enn for mannen, både fysisk og psykisk.
Frå tid til anna høyrer vi om utvikling av nye prevensjonsmiddel for menn, som dersom dei kjem på marknaden vil gjera eit slikt offer endå mindre. Men Blair argumenterer godt for at dei eksisterande prevensjonsmetodane for menn allereie er svært gode. Kondom er opp mot 100 % effektivt og har så godt som ingen biverknader – så lenge mannen tek ansvar for å bruka det rett. Mannleg sterilisering ved vasektomi er eit vesentleg enklare, mindre risikabelt og mindre smertefullt inngrep enn den kvinnelege varianten som krev kutting av eggleiarane. Som regel kan inngrepet også reverserast seinare – og i tilfelle der det ikkje går, kan ein forsikra seg ved å frysa ned sæd på førehand. Kor urimeleg er det eigentleg å forventa at menn som vil leva seksuelt fritt skal kutta strengen, når vi forventar at kvinnene skal gå på hormonell prevensjon?
Det er kanskje ikkje så rart at Gabrielle Blair snakkar i store bokstavar når ho peiker på ein så gedigen blindflekk i debatten. Å utelata menn frå abortdebatten er som å utelata industrien frå klimadebatten – i begge tilfelle er det utsleppskjelder vi har med å gjera. Og Louise Perrys råd til sine medsystrer, om at dei bør avstå frå sex med menn dei ikkje er viljuge til å få barn med, kan med fordel supplerast av eit råd til oss mannfolk: La vera å plassera kjønnscellene dine i kjønnsorganet til kvinner som ikkje er klare for ein graviditet i næraste framtid. Her bør særleg vi som er fedrar til gutar og unge menn kjenna eit ansvar for å stramma opp avkomet.