handsomehome.net

Jarle Fagerheims hjørne av verdsveven

Tenk, at vi her i dag, takk vere Jesus Krist

18.01.2024

Tekst: Charles Wesley (“And Are We Yet Alive”)
Omsetjing: Jarle Fagerheim (2024)


1 Tenk, at vi her i dag,
takk vere Jesus Krist,
kan sjå kvarandres andletsdrag
nett som vi gjorde sist.
I ly av guddoms makt
vi kjenner frelsa her.
Der to og tre er, har han sagt
at han vil vera nær.*

2 Trass tvistene vi tværa,
stridene vi slåst,
trass uvenskapen vi lét næra
motsett Jesu åst,**
står Herren kjærleg på,
og samlar oss til lag.
Han elskar oss frå A til Å
og byd oss hjelp kvar dag.

3 Så la oss finna mot
og byrgskap ved hans Ord
som dreg opp sut og synd med rot
for kvart eit folk på jord;
og lyfta krossen opp,
stå brast mot Mammons list;
og henta kraft frå nådens kopp
til Jesus kjem til sist.

* Matt 18:20
** åst: kjærleik

Med takk til metodistkyrkja på Grünerløkka, der eg hadde den store gleda av å tena som organist i nokre år, og der O. P. Petersens omsetjing av denne salmen (“Skal vi hverandre se”, Metodistkirkens salmebok nr. 403) var eit fast innslag under samlingsgudstenestene.