handsomehome.net

Jarle Fagerheims hjørne av verdsveven

Kron han, vår herre Krist

06.05.2025

Tekst: Matthew Bridges (“Crown Him with Many Crowns”)
Melodi: George Elvey (“Diademata”)
Norsk attdiktning: Jarle Fagerheim (2025)


1 Kron han, vår herre Krist!
Sjå Lammet i sitt skrud!
For trona eig han sant og visst,
oppfarne son av Gud.
Stem opp ein song, kvar sjel,
for han som livet let;
all ære vere han til del:
Den høgste majestet.

2 Kron han som bergar liv,
for sjå, han har stått opp!
Han gjekk til strid med eldfullt driv
og banka Satans tropp.
Han røynde pisk og kross,
men kom med siger att,
bøyg kne for han som slost for oss
og daudens fyrste batt.

3 Kron han som sender trøyst
og lækjer sjelemein,
for han har mørkrets makt bortføyst
med kjærleik skir og rein.
Or opne naglesår
det skin som sumarsol:
Eit ljos som trøytte sjeler når
kvar stad frå pol til pol.

4 Kron han som sender fred
til hjarta som til hug.
Vår milde herskar stilt vi bed
om vern mot harm og ljug;
om mot til sannings ferd;
om vit til rett og skil;
om eldhug for Guds rikes gjerd,
i trudom som i tvil.

5 Kron han, all æves Ord!
Ved han vart all ting til;
med han kom liv og ljos til jord;
i han har vi vår kvild.
Hill Frelsaren, kvar mann,
kvar viv og kristne ven!
Syng lov og takk frå fjell til strand
til ævleg tid: Amen.

Last ned tekst og notar som PDF Note