handsomehome.net

Jarle Fagerheims hjørne av verdsveven

Fedralandssong

01.01.2005

Tekst: Jarle Fagerheim (2004, lettare omvølt i 2005 og 2025)
Fritt etter Ivar Aasen og Bjørnstjerne Bjørnson


Millom Aasen og Bjørnson er skrive
om eit furut’ og vêrbite land
fullt av menn uti hus og i hytte
og med steinute haugar på kvar strand

Saganatta låg søkkt over landet
medan vårsola blenkte og skein
gamle Øyvind kund’ kveda si soge
der som me hadde fenge vår heim

Når me stundom laut skrida mot søder
syntest vondskap og fiendar klår’
der var varmare, men ingen vetter
inkje Tordenskiold-lyn var sett på år

Og med brynade øksar me kjempa
for å jamna burt kaksane rå’
Fredrikshald var gjord klar til å brenna
han som slåst, han var likad’ som få'

Som då Harald og Håkon og Olav
styrde landet med kross, vald og slag
leikad’ fisken langt nede i ruskhav
og me hugad’ til tryggleik og lag

Stordom gjorde at våpna vart stilna
me fann fram att vår heider til bruk
det var mange som den hadde saknat
slik som Sverre då kyrkja var sjuk

No var ingenstad myrker på dagar
Herren strålad’ og lysa’d herned
fridom kom og me fekk våre rettar
me stod saman—eit land “per se”

Takk lyt gjevast dei gråtande mødrer
deira stød var av ovleg verdi
for dei menn som var ute med øksar
dei kom ikkje støtt heim til middagstid

Soga stanar nok aldri å strøyma
gamle Noreg, ho endrar seg fort
men me må ikkje lata oss gløyma
det som folk føre oss har gjort.