handsomehome.net

Jarle Fagerheims hjørne av verdsveven

"The Sound of Jørgensen" på Sunnmøre

15.03.2010

Denne omtala vart fyrst gjevi ut i Orgelspeilet, tidsskriftet for Det norske orgelselskap.


J. H. Jørgensens orgelfabrikk var lenge nærast synonymt med norsk orgelbygging. I alle fall hadde firmaet med adresse Bogstadvegen ry på seg som den fremste orgelverkstaden i landet. Men dei som hugsar glansperioden på mellom 1920 og 1960 vert alt færre, til liks med instrumenta frå denne tida. Utskiftinga har gått så langt at inngåande kjennskap til Jørgensen-orgel ikkje lenger er nokon samnemnar for nye generasjonar av orgelspelarar. Underskrivne er fødd etter at firmaet leverte sitt siste nye orgel, og hadde fram til nyleg berre hatt nærkontakt med instrumenta i Bodø domkyrkje og Hønefoss kyrkje. Sistnemnde gjekk som kjent tapt i brannen tidlegare i år, medan planane om nytt orgel i Bodø no er i ferd med å materialisera seg.

Vi er mange som gleder oss over utsiktene til eit fullgodt domorgel i Sør-Hålogaland, men det er interessant å merkja seg dei gjennomførde og planlagde restaureringane av fire andre monumentale Jørgensen-orgel – i Skien, Paulus (Oslo), Glemmen (Fredrikstad) og Ålesund. Medan planane i Skien framleis er på teiknebrettet, og Paulus fyrst står klart i haust, kan vi allereie no ta turen til Fredrikstad og Ålesund på jakt etter «the Jørgensen sound» i frisk utgåve. Orgelspeilet har sett og høyrt nærare på instrumentet i jugendhovudstaden.

Ålesund kyrkje stod ferdig i 1909, som krona på atteroppbygginga etter den store bybrannen fem år tidlegare. Olsen & Jørgensen leverte eit orgel på 22 stemmer til den nye kyrkja, plassert på eit sidegalleri ved koret. 1. sundag i advent 1945 leverte J. H. Jørgensen eit heilt nytt orgel med 70 klingande register til det store galleriet i vest, med fjernverk i tårnet. Aldri seinare skulle firmaet levera eit så stort orgel, som ved vigsla var det tredje største Noreg, etter dei tyskbygde domorgla i Nidaros og Oslo.

Etter at Rieger Orgelbau gjorde seg ferdig i fjor haust, er det endå større: den gamle orgelfasaden på sidegalleriet er atter klingande, for fyrste gong sidan det opphavlege instrumentet vart gjeve bort til Langevåg kyrkje i 1947, med 23 nye stemmer. Hovudorgelet er restaurert, med uendra disposisjon bortsett frå ein ny Subbass 32’ i pedalverket. Det nye fem-manuals spelebordet kontrollerer no ikkje mindre enn ti verk: hovudverk, positiv, svellverk, soloverk og pedalverk på galleriet i vest; hovudverk, svellverk og pedalverk på sidegalleriet ved koret; fjernverk og klokkespel – 39 klokker, levert av Olsen & Nauen – i tårnet. Vi har altså med eit gedigent instrument å gjera, ikkje berre i norsk målestokk, men orgelbygg er som kjent ikkje berre eit spørsmål om kvantitet. Ålesund har ei romeleg kyrkje, men vert det for mykje av det gode?

På papiret er likskapen til det to år eldre orgelet i Paulus kyrkje slåande. Den varme, strykande klangen kjenner vi då òg att med det same når kantor Jostein Maude slår an tonen på hovudorgelet. Samstundes merkjer vi ein annan spenst og fylde etter kvart som fleire av fleire av stemmene kling med. Vi ventar på at klangen skal gje etter, på at dei vanlege lekkasjane og stumme tonane skal melda seg – forgjeves. Dette orgelet har lunger heile vegen opp til eit tutti som best kan skildrast som monumentalt. Det er nok ein klang som høver best for særskilde høve, men ikkje ein gong med alle register ute vert det meir lyd enn at kyrkjerommet spelar på lag. Dei store 16’-stemmene i pedalen gjer særleg inntrykk. Vi kjenner dei i magen, utan at dei er påtrengjande på nokon måte.

Det nybygde kororgelet byd på nokre verkeleg nydelege einskildstemmer, som Salicional 8’ i svellverket. Hovudorgelet kling noko mindre delikat frå spelebordet, men klangen utviklar seg fint i kyrkjerommet. Den som er viljug til å utforska ulike kombinasjonar av stemmer, skulle kunna boltra seg i månader og år med dei 7001 pipene. Her finst det meste – men ikkje alltid der ein skulle tru. Til dømes manglar svellverket på galleriet i vest heilt ei trompetstemme. Om ein ikkje vil ta til takke med den fyldige Trompet harmonique i svellverket på sidegalleriet, har soloverket – som til liks med dei to svellverka, positivet og fjernverket står i svellkasser – ein Tuba 8’. Avhengig av svellopninga kan denne gjera teneste både som solostemme og i kombinasjon med andre stemmer. For ikkje å nemna den runde, fine Horn 8’ i fjernverket.

Spelebordet legg på alle måtar til rette for kreativ utnytting av dei klanglege ressursane. Her kan organisten sjølv velja kva verk som skal spelast frå kvart av dei fem manuala, kva svelldører og registercrescendo som skal styrast av dei fire svellpedalane. Manual og pedal kan koplast både normalt og oktavert. Når orgelet attpåtil kan ta opp speling og registreringar, så organisten kan stå nede i kyrkja og høyra seg sjølv, er det vanskeleg å ynskja seg fleire hjelpemiddel. Sjølvsagt opnar mylderet av funksjonar òg for misbruk, men dette er i alle fall ikkje eit orgel der ein udugeleg organist kan skulda på instrumentet om klangen ikkje er fin å høyra på.

Trakturen er presis og uhyre rask. Det kunstnariske poenget med å spela ein trio av Bach på fjernverk, kororgel og hovudorgel samstundes er kanskje tvilsamt, men her er det ikkje langt frå mogleg. Meir interessant er det at dette orgelet opnar for framføringar av repertoar vi elles gjerne må utanlands for å høyra, som dei store orkestertranskripsjonane av Edwin H. Lemare, musikk som stiller kolossale tekniske krav til både instrument og utøvar. Orgelet er no i Ålesund – så står det att å sjå om organistane kjem etter. Kanskje må vi, som vanleg i dette landet, venta til noko skjer i hovudstaden før den store hopen legg merke til utviklinga. Heldigvis er det heller ikkje lenge til vi kan oppleva liknande klangar i Paulus kyrkje.